Guiding
Historia er interessant!
Det er mykje å fortelja om tidlegare tider på Hidle. Øya er lita, men ligg midt i verda. Og her er vister etter dei fleste nyare og eldre tidsepokar, å sjå eller ta på.
Har de lyst å ta ei kulturhistorisk-vandring, 1,5 time ute i det vakre kulturlandskapet? Då prøver me å tilpassa emna etter gruppa di.
Eller held det med 15 minutt orientering, (kort guiding) , på veg opp frå kaien, mens de likevel er i forflytting? Kanskje er samtida like interessant som fortida?
“Tidstauet” er ein måte å visualisera kor lenge det har budd folk i Ryfylke. Kor mange generasjonar har gått føre oss?
“Ei erotisk oppleving” kombinerer to fornminne og eit godt måltid; passar for leikelystne vaksne med glimt i auga.
Meir leik:
“Sansequizen” utfordrar syn, smak, lukt, berøring og stadsans. Lagoppgåver som kan gjennomførast både ute og inne.
“Samarbeidsleik” (teambuilding): praktiske og samansveisande oppgåver, som me håpar fremjar meir lått enn adrenalin.
Språk:
Her snakkar me ryfylkemål, tysk og engelsk.
Juletreet 2024:
Finn og merk ditt nordmannsedelgran tre i laupet av sommaren og hausten. Me har mange teigar og ulike tre, og gode merkelappar. Leveranse på døra rett oppunder jul. Dette er eit tilbod til deg som bur i Rogaland.