Jul og advent

Juletre og pyntegrønt er ei viktig driftsgrein på NordaHidle. Hjå oss kan du komma og merka ditt favoritt juletre frå august, og så kan me  levera det heime til deg (i Rogaland) til avtalta tid før jul.  

Ein triveleg juleverkstad med eit smakleg måltid har blitt som ein instutisjon her på NordaHidle. Me startar tidleg i  november og fortset heilt oppunder jul.   

Tradisjonelt program: 

Fri tilgang på ca 20 ulike typar pyntegrønt, kvist og kvas. Introduksjon om julepynting, demonstrasjon av ulike teknikkar som  å laga hjerter og juletre av krussypress, binda kransar og laga dekorasjonar, også med potteplanter.   

Prisar:

Kurset, ein del bindematerial, alle typar grønt frå garden : 400 per pers. Englar og nissar, kuler, band, lyslenker og stearinlys, skåler og korger osv kan kjøpast i tillegg. Mat må bestillas i tillegg.