Om sommaren er me i prinsippet opne og tek i mot kvar dag i veka, når du måtte ønskja!

Me tek imot frå 1-10 på overnatting, og grupper på 6 og fleire til måltid. Ta  kontakt seinast dagen før, så avtalar me besøket dokkar. På menyen har me ferskt frå hagen: salat, urter, grønsaker og bær; det burde vera råd å laga noko velsmakande? Lunsj eller middagsservering i hagen eller i Eldhuset.  Pizza ved bakaromnen kan også vera godt om sommaren.

Dersom de kjem med eigen båt, er den kanskje liten nok til å få plass i moloen vår, større skip ligg trygt på kaien. Rutebåtane går som elles i året.

Velkommen til Hidle sommaren 2017!