Nord-Hidle er ei av Sjernarøyane, i Finnøy kommune. Det tek ein time med hurtigbåt frå Stavanger, og landskapet er mangfaldig og frodig: turen inn til oss enten med det gode offentlege båttilbudet, eller med privatskyss, er ei oppleving i seg sjølv.

Garden NordaHidle ligg ved kaien, og ønskjer du, guidar me gjerne opp bakken til tunet. Er veret godt, smakar det med eit glas god drikke under kastanjetreet.

På kjøkkenet rår matgleda, og det er alltid noko friskt og lokalt som blir servert.  Her står ureist mat i høgsete.  Me steller til for grupper, og lagar mat for dykk: frå det enklaste til det meir overdådige

Me tilbyr kurs og konferansefasilitetar for grupper opp til 60 stk. I Eldhuset kan me vera opp til 30 stykke, er de fleire, brukar me den flotte løa på Stykkjet.

Kunne du tenkja deg å gå ut i kulturlandskapet, kan me ta ei kulturhistorisk vandring. Har de lyst, tilbyr me også “erotiske opplevingar” med historieforteljingar om fornminne og erotisk måltid etterpå.

“Det er så roleg og fredeleg her!” seier ofte gjestene våre. Me er berre 23 fastbuande, så objektivt sett, er det roleg her. Det regnar ofte i Ryfylke, men Sjernarøyane har eit serleg godt klima, så sola skin faktisk så godt som kvar einaste dag! 

 

Ring oss i dag: tlf  99156102

eller send ein mail: post@nordahidle.no