Kapasitet kurs / konferanse inntil  60 stk
Kapasitet selskap inntil 60 stk

 

 

Arbeidande gjester kan velgja å vera i tunet på NordaHidle, med base i Eldhuset, eller så kan de vera på andre sida av steingarden, på «Stykjet». Me samarbeidar med Thomas som har eit flott lyst møtelokale i Løa. Der er det alle tekniske hjelpemiddel som trengs for å laga til eit godt møte, inkludert ulike grupperom.

Kanskje skal de vera litt kaffimat og drikke mellom slaga, eller litt samarbeidsleik?

Dersom gruppa er under 30, serverer me lunsj i Eldhuset, ved gruva.

På «Stykkjet» dekker me gjerne bord til 60 stk. På «Stykkjet» er det ein god sal, med utsikt på nord.

Skal laget ditt arrangera dans, er «Stykkjet» ein god plass å vera.

Her er nettsida til Stykkjet.