Juletre og pyntegrønt er ei viktig driftsgrein på NordaHidle. Hjå oss kan du komma og merka ditt favoritt juletre frå august, og så kan me  levera det heime til deg (i Rogaland) til avtalta tid før jul.

 

Ein triveleg juleverkstad med eit smakleg måltid har blitt som ein instutisjon her på NordaHidle. Me startar midt i  november  og fortset heilt oppunder jul.

 

Juleverkstad i Eldhuset på NordaHidle

Tradisjonelt program:
Pendlarbåt frå Stavanger 15.30, frå Tau 15.35, Finnøy 16.05 til Nord-Hidle 16.35.

16.45: Velkomstglas i Eldhuset

16.50: Til bords; de får servert forrett og hovudrett, kaffi og konfekt.

Sjå menyen og prisforslag under fana Julebord.

Etter middag og kvil, til oppgåva: juleverkstad. Lag så mykje du vil 🙂

frå 20.30: Dessert/kake og kaffi

21.15: Vel heim!

21.25 Hurtigbåt , mellomstader , via Tau kl 22.10, Stavanger 22.35

 

Fri tilgang på ca 20 ulike typar pyntegrønt, kvist og kvas. Introduksjon om julepynting, demonstrasjon av ulike teknikkar som  å laga hjerter og juletre av krussypress, binda kransar og laga dekorasjonar, også med potteplanter.

 

Kurset, ein del bindematerial, alle typar grønt frå garden : 350 per pers. Englar og nissar, kuler, band, lyslenker og stearinlys, skåler og korger osv kan kjøpast i tillegg.