 |
|
| |
| Sesongnyheter fra Norda Hidle |
|
Prøv vårt nye kjøkken. Sjå menyen og bestill i dag.
|
|
Eldhuset på Norda Hidle - Ein stad for utsøkte rettar. Ein stad for gode minner.
|
|
|
|
|
 |
|
| |
|
|
 |
|
Juleverkstad i Eldhuset på Norda Hidle - ein gild tradisjon.
|
Få noko av det beste av advent i Eldhuset. Luktene, lyset, låtten, vennepraten og forventninga; kven skal gleda seg ikring min krans i år? Ser svigermor den flotte oppsatsen på bordet?
Kanskje får eg gleda av å ynskja deg velkommen i Eldhuset i år? Me satsar på same opplegget som tidligare, men med nye idear og nye varer sjølvsagt.
|
|

|
|
Sprakande varme på gruva, stearinlys og noko godt og mettande for magen, gjer at ein slappar av og likar seg i Eldhuset. Kaffikoppen etter måltidet kvikkar opp kroppen før du og vennene dine går til verket. Her kan du skap dine eigne dekorasjonar - litt inspirert av meg, og kanskje kan eg læra bort eit triks eller to. Drøsen går lett i godt selskap. |
|
Når dekorasjonane er ferdige - kanskje ein dørkrans, girlander, små eller store oppsatsar, eit mini juletre, eit hjarta?? Mulighetane er uendelege, og det er du som bestemmer.
|
|
|
|
Moro er det iallefall å laga noko fint til advent og jul. Stort koselegare enn å være saman om dette i Eldhuset, kan det vera vanskeleg å få til - tykkjer me. Snakk med veninnene dine og høyr om ikkje dei og tykjer dette høyrest spennande ut... |
|
Programforslag: Ankomst Norda Hidle ca kl. 16.30 Me samlast i Eldhuset til suppe eller middag. Frå ca 18.00 til 20.30 er det kreativ utfalding og mykje artig, før me må ha ein kopp kaffi og kake. Klokka 21.15 er det tid for å seie vel heim. Båten går frå Nord-Hidle ca kl.21.30
Prisar finn du her. |
| |
|
|
|