|
Kultursti - Spor etter folk i landskapet.
Heile året ligg dei der, spora etter folk i landskapet, og har du tid, har dei mykje å fortelja; kydlestuvane har sett seg utkonkurrerte av kulturbeite og moderne husdyrhald. Stadnamna fortel om aktiviteter gjenom skiftande tider, då Nord-Hidle var ein sentral plass i verda.
Kulturstien er ein guida tur som tek med både vaksne og born med på eit kulturhistorisk tilbakeblikk i landskapet. Med hus, stein og plantar som vegvisarar, fører Terjer deg inn i lokalhistoria.
Turen tek omlag ein og ein halv time i lett terreng, og kan gjerast med barnevogn om køyraren tek ei utfordring eller to.
Er du intressert i noko spessielt: skal me snakka om sauen gjennom 3000år? Eller er de mest interessert i infrastruktur som transport, elektrisiet og vassforsyning på ei øy? Skattetrøbbel på 1600-talet eller tvangsgifte på 1800-talet? |